SKOGSTUR
Opplev skogen og lokale skogstradisjonar i Hemsedal. Lær om plante og dyreliv, korleis skogen vart brukt før og no, korleis ein laga, og brukte ski før i tida, og litt om bruken av den tradisjonelle øksa. Ved dugurd´n (lunch) blir det bålkos, historie og skogsstemning. Dersom ver og føre tilet det blir det også ein sjeldan demonstrasjon av skogskjøring med hest.
Grupper; min. 6 personar
Møteplass; Ved Aalstveit Gard kl.10.30
Når? Dei fleste tysdagar kl.10.30 - 14.30
Pris ; vaksne 250kr. Barn 120kr
Påmelding til turistkontoret tlf.32055030 minst 24 timar før start..
Utstyr; Varme og vindtette klede, varme støvlar(helst med gamasjar eller noko som held snøen ute), dagstursekk (godt å sitja på), niste og termos .
Du treng ikkje ski, men må ha skikkeleg fottøy! Språk; norsk og engelsk.
Vel møtt til ein triveleg og lærerrik skogstur! Merk! Turar og kurs kan og skreddarsyast. Tlf. 32060620 el. sjå på www.heimvegen.com
PROGRAM FOR VÅR-GASSHUKU
Fredag; frå ca. kl. 16.00, oppmøte, innkvartering. kl. 20.00, Introduksjon. Kl. 10.00 Stille

Laurdag; 06.00 Vekking. 06.30 Mokuso, Zazen, Kinhin, Makko-Ho. 08.00 Frokost. 09.00 Karate. 12.00 Makko-Ho, Shiatsu. 12.30 Mat. 13.30 Tur-meditasjon ute. 15.30 Foredrag, diskusjon. 17.00 Mat. 19.00 Karate, Shiatsu. 21.00 Mokuso, Zazen. 22.00 Stille.

Sundag: 06.00 Vekking. 06.30 Mokuso, Zazen, Kinhin, Makko-Ho. 08.00 Frokost. 09.00 Karate. 12.00 Shiatsu, djup avspenning, mokuso. 12.30 Mat, te-seremoni (sosial oppsumering og avslutning).

Arrangør og hovudansvarleg for denne helga er Jeremy Wilson. Han startar trening i Wado-Ryu Karate i 1978 under Tatsuo Suzuki Sensei som anbefalte regelmessige Gasshuku og Zen trening. Områdeinstruktør der Jeremy budde var Masafumi Shiomitsu Sensei og elles trente han regelmessig med Peter Suzuki, Kuniyaki Sakagami og Fumio Sugaswa Sensei, alle den gong instruktørar i U.K.K.W. Klubbinstruktøren var Arthur Meek Sensei(no 6.dan.). Etter splittet i 1988 fulgte han Shiomitsu Sensei som danna Wado-Ryu Academy.
Jeremy har også fleire års erfaring med Aikido, og har trent under Minoru Kanetsuka Sensei. Likeeins har har trent Muso Shinden Ryu Iaido, Tai Chi Chuan ( 24 skritt peking form) og Chi Kung, mykje av treninga har inkludert ein god del Shiatsu massasje. Målet for dette var og er for å fordype forståinga av Wado-Ryu.
Samstundes som han byrja Wado-Ryu, intereserte Jeremy seg for Zen Buddhist, Taoist og Shinto meditasjon. I 1998, etter mange års erfaring,vart han ordinert i Inter-være ordenen av vietnamesisk Zen meister Thich Nhat Hanh. Til dagleg kombinerar Jeremy økologisk jordbruk, familieliv, friluftsliv, Wado-ryu og Zen.
For meir opplysning kontakt; Jeremy Wilson. Tel. 32060620, mob. 90656407, e-post; info@heimvegen.no
|